Om Ikkje No, Når?
Kva om det er akkurat slik du trur det er?
At det heile er umogeleg, at det ikkje finns for deg
At det ikkje finns ei hamn, berre storm
At lykka er eit gisp etter luft
I eit evig fall mot bunn
Og kva om du er akkurat den du trur du er?
At svakhet dominerer deg, at du ikkje strekk til
At tankane er eit fengsel, som du må leve i
Om ikkje no, når?
Om ikkje no, når?
Er det livet, er det livet no?
Eg såg ikkje dette koma no
Og alle desse planetene som svever høgt i skyn
Som ikkje eg kan nå, der finns kanskje anna liv
Men her er berre spegelen som skjemme seg
Berre desse augun
Som dømmer meg
Er det livet, er det livet no?
Eg såg ikkje dette koma no
Og når du flyt så underleg i tid og rom
Med vidåpne augo mot alt du veit om
Som ein satellitt rundt vakuumet som følgjer deg
Som ein satellitt rundt stillheten du lev med
Om eg kunne opphøre å væra den eg er
Om eg kunne sleppe, var det enklare det?
Er det livet, er det livet no?
Eg såg ikkje dette koma no